Firmainformasjon og bransjesøk på nett!
Hemsedal Regnskap AS vart stifta i 1984, og då var namnet Sparebankens Regnskapskontor med Hemsedal Sparebank som aksjonær. Seinare vart namnet endra til Hemsedal Regnskap AS, og i dag er det Sparebank 1 Hallingdal som er aksjonær. Kontoret har hatt ein stor vekst dei seinare åra, og i dag er vi til saman 11 tilsette som utfører omlag 8 årsverk. Me vil levera tenester av høg kvalitet ved bruk av moderne teknologi, og vi tilpassar våre oppdrag etter kundens behov. Vår nye ASP løysing kan gje deg tilgang til eige regnskap på sentral server. Me kan mellom anna tilby desse tenestene: - Forretning og landbruksregnskap - Fakturering - Lønn - Årsoppgjør - Økonomisk rådgjeving - Eigedomsoverdragelsar - Arveoppgjer - Taksering - Driftsplanlegging