Firmainformasjon og bransjesøk på nett!
Lage Gjevre byrja sitt føretak i 1960. I 1964 hadde han to mann i arbeide i tillegg til seg sjølv. Frå 1964 til 1998 varierte talet på tilsette frå 2 til 9. I 1998 vart føretaket omorganisert til eit aksjeselskap. I dag sysselset selskapet 6 tilsette og omset for omlag 10 millionar kroner. Me held på å byggje verkstad i Synshagen næringspark, der me er med som ein av sju aksjonærar. Me leiger kontorplass i det nye kontorbygget i næringsparken. Kva kan me gjera: Foretaket er godkjent innenfor følgende 2 godkjenningsområder : -Ansvarlig utførende for anlegg, konstruksjoner og installasjoner, tiltaksklasse 2 -Ansvarlig kontrollerende for utføring av anlegg, konstruksjoner og installasjoner, tiltaksklasse 2 Me utfører alt innanfor grunn og terrengarbeid. Nokre døme på arbeide me utfører: -tomting -boring og sprenging -transport og levering av masse -legging av vatn og kloakk i grunn, samt infiltrasjonsanlegg.